Croquembouche

Okei, i går var kjærasten min og eg hjå Hanna, Sigrid og Helge og laga croquembouche. Dette sterkt inspirert av Masterchef Australia, som er den mest feelgood matkonkurransen på TV, og det føltes litt som at det var på tide. Og til trass for at det er litt skummelt ut, så er det overraskande gjennomførbart. Det einaste er at det tek litt tid. Tilbake får du ein himla fancy og god dessert. For det er verkeleg himla godt!

Desserten har tre element: Vannbakkels, vaniljekrem og karamellknekk. Alt er høgst gjennomførbart, det klarar du. Berre lag ein ting om gongen før du startar på det neste, så går dette kjempebra.

Oppskrifta er henta frå Masterchef Australia, men skalert litt ned og med eiga bruksanvisning.

Vaniljekrem:

  • 1,3 l mjølk
  • 330 g eggeplommer
  • 330 g sukker
  • 130 g maizena 
  • 130 g smør i terningar
  • 2 vaniljestenger, splitta og skrap ut frøa. Bruk både frø og stang.

Vannbakkels (choux pastry):

  • 320 g vann
  • 400 g mjølk
  • 15 g sukker
  • 15 g salt
  • 300 g smør
  • 400 g mjøl
  • 12 egg

Knekk:

  • 660 g sukker
  • 200 g vatn
  • 260 g glukose

Utstyr utover det vanlege:

  • Sprøyteposar
  • Papp til å lage kjegle av
  • Bakepapir til å kle kjegle med

Vaniljekrem:

Ha mjølk og vaniljestenger+frø i ein kjele og varm opp til kokepunktet. Pisk egg, sukker og maizena kvitt. Hell den varme mjølkeblandinga forsiktig oppi eggeblandinga litt og litt medan du piskar godt saman. Hell mjølk- og eggeblandinga attende i kjelen og varm opp på middels varme til det kokar. Det skal bobla littegranne for å få ut smaken av maizena, og tjukna godt. Rør skikkeleg for å få ut eventuelle klumpar og avkjøl i isvatn til du kan ta på kremen utan å brenna deg, men det framleis er varmt (55 grader). Ha i smøret i terningar og la det smelta inn. Rør det glatt og dekk med plastfolie. Oppbevar kjøleg til bruk.

Vannbakkels (choux pastry):

Kok opp vatn, mjølk, sukker, salt og smør. Det skal akkurat koka, og då skal smøret vere smelta. Trekk av plata. Hell i alt mjølet og rør som ein gærning til det har samla seg meir eller mindre som ein ball og slepp gryta. Ha det heile i ein bakebolle – gjerne kjøkkenmaskin. Avkjøl til du kan ta på utan at det er særleg varmt. Rør no og då.

Rør i deigen. Er det om lag fingervarmt? Då er du heilt trygg! Ha i eitt og eitt egg medan du rører godt mellom kvart egg. Etter kvart skal du ha ein glatt og blank deig. Då er du klar! (er deigen for varm når du har i egga blir deigen for tynn og du får ikkje vannbakkels du kan fylla.)

Ha i ein sprøytepose og lag toppar på eit bakepapir. Dei skal vere ca 3 cm i tiameter, og altså toppar og ikkje flate. Steik på varmluft på 210 grader i ca. 15 minutt, eller til dei er lett brune og har blåst seg godt opp. Avkjøl bittelitt på brettet før du tek dei over på rist.

Knekk og montering:

Først: Ha alt klart. No skal vaniljekremen og vannbakkelsane vere kalde. Fyll vaniljekremen over i sprøyteposar, gjerne med lang og spiss tipp, og stikk eit hol i vannbakkelsane (på sida eller under) og sprøyt dei HEILT fulle av vaniljekrem. Lag ei kjegle av papp og kle med bakepapir. Legg bakepapir på eit fat, og set kjegla på. Alternativt: Stable på frihand. Men det er vrient.

Kok opp vatn og sukker. Når det koker har du i glukosen. Varm opp til du har ein mørk karamell – ca 160-165 grader. Ta så av plata og start monteringa: Dypp kvar fylte vannbakkels i knekk for lim og fest dei saman i kjegleform. Til slutt tvinnar og slengjer du trådar av knekken rundt kjegla til pynt. Bruk gjerne gaflar for å laga trådar.

Du kan prøva å fjerna kjegla til slutt viss du vil, eller berre servera med den inni. Det siste ser mindre imponerande ut, men du risikerer ikkje full kollaps eller velt. Ditt val!

 

Lukke til!

 

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Elin Hidle

    Sånn vil eg laga ein dag!
    Ser jo heilt fantastisk ud 🙂

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.