Det er mykje bra grønsaker tilgjengeleg no på hausten. Eg blir alltid imponert over kor mykje godt og sunt som plutseleg finst i hyllene, og koser meg skikkeleg når haustsesongen er i gong! Til dømes bondebønner, som på biletet, er knallgodt. Skrell dei ut av belgen, kok dei nokre få minutt i lettsalta vatn og avkjøl i isvatn, før du tek dei ut av skinnet. Då sit du med knallgrøne bønner.

Så har du mange moglegheiter. Ha dei oppi suppa LIKE før servering, eller mos dei med litt salt+pepper og til dømes heilt finhakka raudlauk, kanskje med bittelitt god olivenolje og ha dei til pålegg. Det er så godt!