Fårikål er ideell haustmat. Ikkje berre er kål og lam på det beste, men temperaturen er og så låg og veret så surt at det det er på tide med litt fårikål. Her med kjempefine poteter frå Eivind (takk forresten, dei er kjempegode! Godt planta!).

 

DSC_9429

2 timar, 4 porsjonar

  • 1 kg lammekjøtt med bein i serveringsstykker. Bog, bryst, el.
  • 1 kg kålhovud
  • 2 ts salt
  • 1,5 ts heil, svart peppar
  • 4 dl vatn

 

Vask kjøttet. Rens og vask kålen og skjær i skiver.

Legg kjøtt og kål lagvis i ein kjele. Stykkene med mest fett kan gå nedst i kjelen. Dryss salt og peppar mellom laga. Øvste laget skal vere kål.

Hell over kokande vatn. Kok opp og la det trekka under lokk til kjøtt og kål er møyrt. Ikkje rør i gryta, berre drei kjelen litt no og då, så svir det seg ikkje. Viss vatnet kokar vekk må du ha på meir – det skal ikkje koka tørt.

Fårikålen er ferdig når kjøttet lausner frå beinet.

Server med poteter.