Etter ei himla lang veke var det ekstra godt med varme, mjuke rundstykker til formiddagsmat. Desse er med speltmjøl og linfrø, for å få brukt opp mjølrester som liksom samlar seg opp i skapa. Greitt å få rydda litt i dei liksom!
DSC_9491 - versjon 2

16 grove rundstykker

  • 6 dl lettmelk, lunka
  • 0,5 pakke gjær
  • 450 g fint, sammalt speltmel
  • 150 g kveitemjøl
  • 150 g linfrø
  • 1 ts salt
  • 1,5 ts honning



Elt alt saman til en smidig deig. La han stå i ein time-halvannan til han har heva godt, og bak ut 16 rundstykker. La dei etterheva til dei er omtrent dobbelt så store. Steik dei så på 210 grader i om lag 10 minutt til dei er gyldne. 

DSC_9483