Klementin- og kardemommekake

For meg er lukta av klementiner sjølve lukta av eksamen. Det er litt sånn haustteikn – når folk rundt deg byrjer å ha klementiner på lesesalen bør du ha kome langt nok i pensum til å berre repetera fram til eksamen. (Det har eg aldri.)

Denne formkaka er kjempegod. Kardemomme og klementin er knallgodt saman og luktar skikkeleg av vinter.

 

DSC_9514

Ei formkake

  • 175 g smør, mjukt
  • 2 ss olivenolje
  • 250 g kvitt sukker
  • 50 g brunt sukker
  • frøa frå ei halv vaniljestang
  • 0,5 ts salt
  • 1 ts kardemomme 
  • 1 ss klementinzest (rive skall frå ca 2 klementinar (hugs å berre bruka det ytterste laget av skallet – vask klementinen godt før du bruker skalet)
  • 3 egg
  • 215 g kveitemjøl
  • 5 ss klementinjuice (safta frå ca 1,5 klementin)
  • 60 g mjølk

 

Rør sukker, smør og olje luftig før du rører inn vanilje, salt, kardemomme og klementinzest.

Rør inn eitt og eitt egg.

Rør inn halvparten av mjølet med ein slikkepott. Ha i klementinjuice, rør inn, ha inn resten av mjølet, rør inn og ha i mjølk. Rør den og inn.

Ha røra over i ei brødform som du har smurt med smør og strødd med mjøl. Steik på 175 grader i 75 minutt, til du kan stikka ein kakepinne i kaka utan at han kjem opp klissete.

Avkjøl litt i forma før du har kaka over på fat. Avkjøl heilt på rist før du serverer.

← Previous post

Next post →

3 Comments

  1. Elin Hidle

    Dette ser kjempespennane ud! Må meste prøva denne 🙂

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.