Det er november, ganske kaldt, regnar mykje. Om natta er det frost. Eg er oftare kald og våt på føtene enn eg set pris på. For meg betyr det at det er på tide å laga gryter og supper. Denne oksegryta, til dømes, er heilt super. Kok kjøttet, ha i grønsaker og urtene du liker og du har det! Lite arbeid, sjølv om det lett tek litt tid. Lag ganske mykje når du er i gang, så har du middag i morgon og – berre å varma opp.

 

Du treng:

  • 1 kg kokekjøtt av okse (høgrygg, bog, skank, bringe), med bein, i store terningar. Mindre viss det er utan bein.
  • vatn
  • 2 laurbærblad
  • 8 svarte pepperkorn
  • 2 små lauk, grovhakka
  • 0,5 litt stor kålrot, i biter
  • 0,5 litt stor sellerirot, i biter
  • 3-4 gulrøter, i biter
  • 8 små, kokfaste poteter (eller færre store, i bitar)
  • 0,25 purre, i ringar
  • 1 god kvast løpstikke eller persille
  • salt, pepper

 

Slik gjer du: 

Legg kjøttet i kaldt vatn med pepper, laurbær og løpstikke. Vatnet skal dekka kjøttet.

Kok opp, skum av. La det trekka på under koketemperatur til kjøttet er møyrt. Ta ut dei godt kokte urtene, og viss du har kokt gryta med bein: Ta ut beina no.

Ha i grønsakene og smak til med salt og pepper. Ha godt med løpstikke eller persille på.

Server gjerne med grove rundstykker til.