Ein frisk og god og mettande salat. Bruk veldig gjerne Rørosmeieriet sin cottage cheese her – dei har ein fabelaktig god cottage cheese! Han er langt betre enn den frå Tine, silkemjuk og langt betre på smak. Viss du ikkje har cottage cheese frå Rørosmeieriet bruker du feta. Det er i alle tilfeller skikkeleg godt. Her til nokre gode, økologiske lammepølser. Fint det.

 

Agurk- og avokadosalat til to

  • 1 agurk i terningar, utan den våte kjerna
  • 1 stor (eller to små) avokado, moden, i terningar
  • 0,5 dl hakka mynte, fersk
  • juice og zest av 0,5 lime
  • 60 g cottage cheese frå Rørosmeieriet/fetaost (i blokk, ikkje marinert!), smuldra
  • 1 ss olivenolje
  • pepper, salt

Vask og skjær opp agurk. Fjern den våte kjerna og legg det i eit dørslag med litt salt for å trekka ut mest mogleg vatn. La det stå der ei god stund medan du gjer det andre. Heilt til slutt skyller heilt kjapt med iskaldt vatn og tørker av med tørkepapir.

Skjær avokado i terningar og vend det i limen, så blir han ikkje brun.

Bland saman agurk, avokado, mynte og cottage cheese og ringle litt olivenolje over. Smak til med pepper og evt litt salt. La salaten stå og setta seg i kjøleskåp i 30 minutt før servering.

Server gjerne med nokre gode lammepølser.