Sommarsalat med asparges og jordbær

Det er så varmt ute at det ikkje freister med verken matlaging eller eigentleg å eta noko heller, så etter nokre dagar med berre tull og tøys i matvegen blei det salat. Salaten blei knallgod, og sjølv kjærasten som har tenkt at han sikkert ikkje er så glad i salat var for. Det finaste er likevel at du gjennon litt skrelling og hakking har middagen klar på sånn eit kvarter. Det er fint.

Sommarsalat

  • nokre nevar spinat
  • ei lita søtpotet
  • ein sjalottlauk
  • ein halv boks kvite bønner
  • nokre aspargesstilkar
  • eit par jordbær
  • litt brie
  • salt og peppar
  • ein kvist frisk rosmarin

Skyl spinaten godt og ha han i iskaldt vatn nokre minutt. Skrell søtpoteta, skjær i bitar og steik på middels varme i litt kvitlauksolje, eller i olje saman med litt kvitlauk, og ha på salt og peppar. Set vatn på kok og kok aspargesane i to-tre minutt i salta vatn (brekk av den nedste delen av dei fyrst, den er så trevlete), ha dei så i iskaldt vatn slik at kokeprosessen stoppar. Finhakk lauk, skjær jordbær i skiver og skjær osten i passelege stykker. Ha spinaten i ei salatslynge og få ut alt vatnet.

Dander heile greia med spinat, bønner, lauk, asparges, søtpotet, brie, jordbær, rosmarin og dryss over litt salt viss du vil.

Ein tanke på “Sommarsalat med asparges og jordbær

  1. Du er jammen glad i søtpotet, søta! (Men det er ikkje noko i vegen med det, altså. Snarare tvert imot!)

    Likar

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.