Frukost.

Det fine med frukostar i ferien er den ekstra tida. Til å gå i hagen og finna urter, jordbær eller anna, til å laga litt eggerøre, trekka ein god kopp te, laga rundstykker. Dei tinga.

Grove eltefrie rundstykker:

  • 500 g kveitemjøl (eventuelt litt grovt mjøl og)
  • 3 dl vatn, kaldt
  • 1,5 dl cottage cheese
  • 1 dl creme fraiche
  • 0,5 ts tørrgjær
  • 1,5 ts salt
  • ein god neve solsikkekjernar
  • ein god neve hassel- og valnøtter

Rør det saman til ein ganske blaut deig på ettermiddagen eller tidleg på kvelden før du legg deg. Når deigen har heva ferdig er han boblete. Hell deigen ut på eit mjøla bakepapir og brett han over seg sjølv om lag femten gonger, og brett inn litt mjøl for kvar gong. Deigen vil som sagt gjerne vere litt klissete, men det er heilt greitt. Del deigen i åtte emner og form dei litt runde med hendene og ha dei på steikebrett. Etterhev ein time eller så viss du har tid, eller set dei inn i kald omn og skru på steikomnen på 220 grader så etterhever dei seg sjølv der. Det tek mellom ein halvtime og tre kvarter etter kor fort omnen varmar seg opp. Viss du etterhever før du steiker dei: 220 grader i tjue minutt, og avkjøl på rist.

Ein tanke på “Frukost.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.