Supersmil

Systera mi og eg tolte ikkje sjokolade då me var små, men når me var på fjelltur med bestemor fekk me sjokolade likevel (ikkje sei det til mor eller far) og det var sjukt stort. Etter det har det liksom høyrt litt med med smil og sånt på tur. Eg elskar verkeleg blandinga av den litt salte karamellen her og sjokoladen rundt, og sjølv om det ikkje kjem fram på bileta så er karamellen flytande. Det er glimrande. Du treng nokre former, gjerne silikonformer, i kva enn form du vil, og så treng du sjokolade og noko å fylla dei med, her er det altså karamell:

Supersmil

  • Sjokolade du liker, gjerne lys
  • Karamell
Smelt sjokoladen i vassbad og avkjøl til om lag 30 grader – då er han ganske tjukk og grei å få til å henga på formene. Hell litt sjokolade i formene og vend dei rundt til botn og kantane er heilt dekte, og sett forma kaldt til sjokoladen har stivna. Ha så i karamell nesten heilt opp til kanten og set det nokre minutt i frysar, så karamellen stivnar litt. Så har du litt sjokolade på toppen att, så det vert heilt tett. Det er viktig, elles renn jo fyllet berre ut – håplaust. Set konfektane dine kaldt litt att, og så pressar du dei ut av formene og legg dei i ein fin litan boks. Det dei gjerne kaldt, og ta dei med på tur eller et dei til kaffen eller gje dei vekk. Kjempeenkelt. Kjempegodt.

4 tankar på “Supersmil

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.