Verdens beste hasselnøttbrød, eggerøre og dette med frukost

Ein ting kjærasten min og eg har blitt gode på dei åra me har budd saman er frukostane. Anten det er nysteikte rundstykker, pannekaker, frukostblanding eller smoothie så er det kjempefint. (Ærleg talt så er det vel kanskje han som har blitt flinkast på det, sidan eg ikkje er så god på å stå opp så inmari tidleg for å laga frukost.)

I dag hadde me hasselnøttbrød og eggerøre. Faren min lagar verdas beste brød, dette hasselnøttbrødet. Reint objektivt sett altså. Dette er hans oppskrift og det er så enkelt og godt at det er teit å ikkje laga det. Sprø skorpe og saftig brød i dagevis. Berre nemnar det liksom.

 

Far sitt suverende hasselnøttbrød

  • Ein liter mjøl
  • Ein neve nøtter, grovhakk viss du vil (to never viss du har så små nevar som eg har)
  • Ei halv ts tørrgjær
  • Ei ts salt
  • Ein halv liter vatn
  • Ei jerngryte med lokk

Rør alt fort saman og la det stå til heving i 12-18 timar. Det stemmer at det skal vere ein temmeleg våt deig. Når deigen er heva, heller du han på eit bakepapir med mjøl på og bretter han over seg sjølv ti-tolv gonger. Set bollen opp ned over deigen så han ikkje tørker ut, og la han ligga der til etterheving i om lag 2 timer.

Etter ein og ein halv time set du omnen på 250 *C, og set samtidig gryta inn på nedste rille til oppvarming. Når omnen har blitt 250 *C (og deigen har etterheva i minst 2 timer), tek du gryta ut av omnen. Løft opp deigen på bakepapiret og hell han nedi den varme gryta. Det er den varme gryta som gir den sprø overflaten etterpå. Strø godt med maldonsalt på brødet! Sett på lokket og putt heile greia i omnen.

Steik i 30 minutt (på nedste rille), og ta så av lokket og steik 15 minutt til. Ha brødet på rist og la det avkjøla seg før du skjærer i det. Oppbevar det så i eit kjøkkenhandle og ikkje i plast, for då blir skorpa mjuk og litt trist.

 

Stian si eggerøre

  • 4 egg
  • 0,5 ts salt
  • 4 ms vatn
  • godt med graslauk
  • litt peppar (helst kvit)

Pisk alt godt saman og varm opp ei steikepanne til middels varme. Rør i eggerøra med ein slikkepott heile tida så alt blir jamnt varmebehandla og ikkje brent. Ha det over på eit fat og server.

 

 

6 tankar på “Verdens beste hasselnøttbrød, eggerøre og dette med frukost

  1. Jeg lager òg hasselnøttbrød! Men min oppskrift fant Mamma i et svensk dameblad for ti-femten år siden. Den er nesten lik pluss litt olje og grovt rugmel. Jeg synes nøtter er ca 1000 ganger så godt å ha i brød som frukt.

    Likar

  2. Hei Liv!
    Gjett hva som ligger og hever på kjøkkenbenken min nå? Hasselnøttbrødet ditt!!! 🙂 Skal steke det om 1,5 time og er veldig spent. Har aldri bakt brød med nøtter før, men måtte bare prøve ditt. Er det greit at jeg legger ut oppskriften på bloggen min og linker til deg?

    Likar

    1. næsj, så deilig!! håpar du liker det like godt som eg, det er så nydeleg synst eg!:) og så klart det er greitt – den som lenkjer synder ikkje:)

      Likar

      1. Brødet var deilig! Alexander og jeg har spist nesten halve brødet alene. :)) Tusen takk for oppskriften!
        Klem 🙂

        Likar

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.