Skillingsbollar

Det er mykje trøyst i ein god gjærbakst. Det kan i allefall døyva frustrasjonen over lange pensumtekstar om ting ein verken er interessert i, eller forstår. Eg les til dømes om danning om dagen. Det kunne eg godt sluppe. Men til glede for framtids-Liv som må ha muntlegeksamen i dette, og helst vil kunne stå der utan å skamma seg for mykje (og helst og koma inn på master) får notids-Liv lesa. Over: Ein kan til dømes prøva å dekka teksten med kanelbollar. Du lærer kanskje ikkje noko, men det gjer teksten mindre frustrerande på kort sikt.

 

Skillingsbollar

  • 6 dl lunka mjølk
  • 1 pakke gjær
  • 140 g sukker
  • 120 g smør i terningar
  • 1 egg
  • 1 kg mjøl
  • 2 ts kardemomme
  • 0,5 ts salt
  • mjukt smør, kanel og sukker til utbakinga + samanpiska egg til pensling + perlesukker til strø

Ha mjølk, gjær, sukker, egg og kardemomme i ein bolle og bland ut gjæren. Ha i det meste av mjølet, men hald att litt – det er betre at deigen er litt for klissete enn litt for hard. Ha i salt. Elt i sju-åtte-ti minutt på låg hastighet medan du ser til at du får i nok mjøl. Når deigen er ganske perfekt har du i terningar av smøret, og elter videre til smøret er blanda godt inn. Det tek ytterlegare nokre minutt. Så har du plast over bollen og set han frå deg og hever til dobbel storleik.

Elt deigen litt. Kjevle han ut, smør på mjukt smør og strø på kanel og sukker. Brett så deigen blir bretta tre gonger (mot deg) og kjevle han litt forsiktig så dei tre laga heng saman. Skjær strimlar som du snurrer saman og set til etterheving. La dei etterheva i ein halvtime før du steiker på 210 grader i 10-12 minutt. Avkjøl litt på rist før de et. Når dei er kalde har du dei i plast, og frys ned det du eventuelt ikkje vil eta til formiddagsmat. Du kan ha på melis viss du vil.

 

5 tankar på “Skillingsbollar

  1. Bra oppskrift, Liv!

    Det er Magne fra VG her, nå har jeg anbefalt innlegget ditt på forsiden av VG slik at flere kan få gleden av det.

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere? Ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no

    🙂

    Likar

  2. Namm! Må prøves til helgen 🙂

    Minus perlesukkeret da – jeg HATER sukker utenpå bollene :/

    Likar

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.