Hamburgar

DSC_7496

Altså, hamburgar. Kjøt mellom to brød, med litt grønsaksgreier og saus til. Det er bortimot det ideelle tv-måltid, og du har berre på gode ting. Det er Stian som er hamburgarsjef her i heimen.

 

Hamburgar

  • ein pakke kjøttdeig eller karbonadedeig
  • ein stor sjalottlauk
  • salt og peppar
  • 4 skiver bacon, sprøsteikt og i småbiter

Skjær bacon i småbitar, og sprøsteik det. La fettet renna av på eit tørkepapir. Bland alt saman, og steik hamburgarar på middels varme til dei er heilt gjennomstekte. I dag blei det fire svære hamburgarar av oppskrifta.

 

Sprøsteikt lauk

  • ein stor gul lauk, i ringar
  • 2 ms smør
  • 1 ts sukker
  • bittelitt salt

Steik lauk lenge, lenge på svak varme i smør og sukker til det er brunt. Ha på litt salt.

 

Tomatsaus

  • 1 boks hakka tomater
  • 1 ms olivenolje
  • 1 stor gul lauk i biter
  • 1 ts sukker
  • 1 ts røykt paprikapulver
  • salt, peppar
  • bittelitt chili
  • 4 soltørka tomater, i biter
  • 2 kvitlauksfedd

Steik lauken mjuk i litt olivenolje. Ha i resten og kok til det tjukner litt. Jamn det med stavmiksar.

 

Grove hamburgarbrød (og kjent som Stian sine grove rundstykker)

  • 3 dl lunkamjølk
  • 1 ms honning
  • 1 pakke gjær
  • 0,5 ts salt
  • 350 g mjøl (hald att litt på mjølet – det skal vere ein klissete deig, men ha i meir viss det trengst)
  • 50 g kruskakli
  • 50 g smør i terningar

Ha alt utanom smør i ein bakebolle og elt med maskin i ti minutt – fyrst på låg hastighet og så på låg til middels. Deigen skal ikkje vere for fast, men du skal vere i stand til å trilla rundstykker av han liksom! Ha i smørterningane og elt til dei og er godt blanda inn. Hev deigen i omtrent ein time, til deigen er dobbelt så stor. Bak så ut åtte rundstykker, som du penslar med mjølk og strør med sesamfrø, før du etterhever i ein god halvtime og steiker på 200 grader i 15-18 minutt. Avkjøl på rist.

 

Server med salat og nokre skiver steikt bacon på, og ei tjukk osteskive. SÅ godt!

2 tankar på “Hamburgar

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.