Foreldra mine hadde suppeklubb då eg var lita. No og då hadde dei vener over og åt suppe, eller dei var hjå dei. Det gjekk på rundgang. Eg trur at me kanskje åt mykje suppe som barn, det var perfekt. Det var fint å tusle rundt på kjøkkenet og at det lukta fiskesuppe/hønsesuppe/brenneslesuppe eller noko anna dei gongene dei var hjå oss. Det blei ofte restar, og då fekk jo me og. Nokre favorittar blei det hjå oss ungane og, og nokre av mine barndoms supper var fiskesuppene, ei kinesisk tomatisert hønsesuppe, tyrkisk bryllaupssuppe og oksehalesuppe.
Så blei eg vaksen og fekk laga suppe sjølv.
I anledning fredagskvelden fekk eg vener over på middag. Så blei det oksehalesuppe i kveld. Og sjølv om det tek tid, så er det veldig lite arbeid. Denne er basert på far si oppskrift.
Du får ikkje oksehalar på rema. Du må til slaktar, og be dei skjæra han opp for deg og. Det er godt når nokon berre fiksar dei greiene. Viss dei berre ikkje har oksehalar, kan du prøva deg med oksebryst, bringe eller bog. Det går så fint så. Det er litt det same med grønsaker. Berre ha i det du har.
Oksehalesuppe til fire
Del ein:
- to små oksehalar i bitar
- mjøl, salt, peppar
- fire-fem gulrøter
- ei sellerirot
- ein lauk
- ein halv purrelauk
- ein fennikel
- timian
- rosmarin
- vatn
Del to:
- fem gulrøter
- ei kvart sellerirot
- ei halv kålrot
- ei persillerot
- to ts dijonsennep
- soyasaus
- pepparrot
- salt og peppar
- løpstikke eller persille
Del ein: No lagar du krafta. Skrell alle grønsakene, skjær dei i bitar og legg dei til side. Bland saman litt mjøl, salt og peppar i ei skål, og vend oksehalebitane i det. Brun dei godt i litt olje i ei varm gryte. Ha oppi grønsakene og hell over vatn til det akkurat dekkjer. Ha oppi ein stilk timian og rosmarin. Når det koker opp får du berre skumma godt av etter kvart. La det trekka på like under hundre grader i fire-seks timar til kjøtet løysner godt frå beina. Eg brukte fem timar.
Del to: Set ein bolle på benken og ha i ei sil og sil krafta oppi bollen. Hell krafta attende oppi gryta, set på varmen att. Kast grønsakene og legg til side oksehalane. Skrell alle grønsakene og skjær dei i passelege bitar. Plukk kjøttet av beina. Smak til krafta med soyasaus, riven pepparrot og dijonsennep, salt og peppar. Ha i grønsakene og kjøtet og kok det til grønsakene er møyre. Dryss over godt med løpstikke eller persille før du serverer, og ha brød til.
Bra oppskrift!
Det er Magne fra VG her. I dag har jeg valgt innlegget ditt som dagens anbefaling på Lesernes VG, du finner det nederst på forsiden til http://vg.no
Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no
LikarLikar
🙂
LikarLikar
«Du får ikkje oksehalar på rema» – men du kan kjøpe det på OBS. 🙂
LikarLikar
jøss, får du det på obs? så flott då!! då er i allefall du godt sikra:)
LikarLikar
Hei.
Dette så deilig ut og skal prøves 🙂
Ville bare si at jeg har funnet oksehaler både på ica og obs, så for de som ikke har en slakter i nærheten er det et alternativ 🙂
LikarLikar
supert!!! så er butikkar meir velassorterte enn eg gav dei kreditt for. ingenting er betre:) lukke til med suppe forresten, håpar du liker ho!
LikarLikar