Kvitt fyll:
- 4 eggekviter
- 300 g sukker
- 6 plater gelatin
Glasur:
- 150 g kokesjokolade
- 25 g kokosfeitt (delfiafett)
- kokosmasse
Framgangsmåte:
Å laga kokosbollar er kjempelett og går kjempefort! Pisk eggekvitane stive. Når dei er stive nok til at du kan halda bollen opp ned utan at innhaldet fell ut har du i litt og litt sukker til du har hatt i alt sukkeret og massen er blank og fin og fast.
Legg gelatinplatene i blaut i kaldt vatn i nokre minutt. Klem så ut vatnet og smelt gelatinplatene over svak varme til han har løyst seg opp heilt. Hell gelatinen i eggekvite- og sukkerblandinga i ein stråle medan du vispar som berre det.
Og så må det gå fort!
Fyll massen i ein sprøytepose eller to og sprøyt passe store toppar. Du kan veldig godt bruka mariekjeks som underlag, for då set dei seg ikkje fast i underlaget. Viss du ikkje gjer det er det lurt å ha litt smaksnøytral olje på fatet du set dei på, for dei klistrar seg utruleg godt fast. Set det kaldt så dei stivner.
Smelt sjokoladen og delfiafeittet over vatnbad og rør det glatt. Avkjøl det til det så vidt stivnar litt. Dypp eller rull så dei kvite toppane i sjokoladeblandinga til dei er heilt dekka og dryss kokos på dei og set kaldt att så sjokoladen får tid til å setja seg før de et.