Dei vanlege, tynne pannekakene me har i Noreg er sjølvsagt sjukt gode. Men somme gonger, til dømes til frukost, kan det vere fantastisk godt med tjukke amerikanske pannekaker med bacon eller frukt eller lønnesirup.
Dette er nok til to:
- 2,5 dl kveitemjøl
- 2 egg
- 2,5 dl mjølk
- 2 ss sukker
- 0,5 ss bakepulver
- 0,25 ts salt
Bland saman det tørre fyrst: Mjøl, salt, bakepulver og sukker. Pisk egga, og ha i mjølka. Bland mjølet i egg- og mjølkeblandinga.
Steik pannekaker med litt smør på middels til sterk varme. Server med noko godt til.