Det er klart at det beste til matpakke er grovbrød. Det skal vere grovt og helst med heile frø og nøtter. Denne oppskrifta gir tre usedvanleg gode brød eller eventuelt rundstykke. Det er dessutan mykje god terapi i ein gjærdeig, og det er jo særleg godt i desse eksamenstider! Eg ser altså absolutt ingen grunn til å ikkje laga brøda sine sjølv.
Trinn ein:
– 3 dl havregryn
– 2 dl kveite, heilkorn
– 1 liter kokande vatn
– 1 dl linfrø
– 1 dl solsikkefrø
– 1 dl sesamfrø
– 1 dl graskarkjernar
– 1 dl kveitekim
Trinn to:
– 5 dl væske (mjølk, vatn eller juice)
– 3 ms sukker
– ein pakke gjær
– 3 ms olje
– 2 dl byggmjøl
– 3 dl grovbakstmjøl
– 3 ts salt
– 13-15 dl kveitemjøl
Du legg gjerne merke til at det er to trinn her: Fyrst bløytlegg du gryn og korn og så rører du resten saman. Det er for at gryna og korna og frøa skal verte seige og binda seg lettare i deigen. Ha fyrst havregryn og heile kveitekorn i ein bolle og tilset kokande vatn. La det svella i eit kvarter. Ha i resten av korn og frø og la det stå i eit kvarter til.
Ha i væska og smuldra gjæren i. Viss du har ein kjøkkenmaskin med eltekrokar er det kjekt å bruka denne no. Ha i resten av ingrediensane i bakebollen, men hold att på mjølet, og køyr deigen i om lag ti minutt til får ein blank og smidig deig som knapt slepp bollen.
Dekk bakebollen med lokk eller plast og sett deigen til heving på ein lun og trekkfri stad. La deigen heva til om lag dobbel storleik, det tek om lag ein time.
Ha deigen på eit bakebord og elt han. Del deigen i tre like delar og ha dei i tre smurte brødformer. Du kan eventuelt laga rundstykke av noko av deigen viss du vil. La brøda etterheva under eit klede i 35-40 minutt før du steiker dei på nedste rille i omnen i 40-45 minutt på 200 grader. Viss du har laga rundstykker steiker du dei midt i omnen i om lag 12 minutt etter kor store dei er. Ta brøda ut or formene og rundstykka av brettet og set dei på rist så dei får kjølt seg av.