Eg har sommarferie, etter siste eksamen på fredag. Fyrst var det 17. mai med nokre av verdas finaste menneske. Me tok på oss bunad, såg på tog, tok oppstilte bilete, åt frukost og så feira dei vidare medan eg las til eksamen. Så blei det 18. mai og eksamen. Eksamen i seg sjølv var ikkje ei særskilt fin oppleving, med datakræsj (eg skriv eksamen på data, fint så lenge det funkar, eg hadde og ein k-tast som knirka og knirka og sikkert var til stor irritasjon for dei andre) og eksamensnerver, og eg veit ikkje heilt kor godt det gjekk. Men det veit eg aldri. Eg har truleg ikkje nok sjølvinnsikt. Men sånn er no det.
Og så gjekk me i Frognerparken og grilla. Fiskekaker, pølse, tomater, asparges og masse sørlandschips (spist rå). Og så reiste me til Sverige og Liseberg. Det var supert.
Det var mer enn supert.
LikarLikar
enig.
LikarLikar