Ode til grønsakene

Eg er heilt latterleg oppteken av fine, gode grønsaker. Gjerne i alle tenkelege fargar og fasongar. Dei er utruleg flotte å sjå til, smakar godt og inneheld mengder av ting som er bra for ein. I tillegg koster dei ikkje all verda. Eg synst det kan vere fint å betala litt ekstra for ekstra fine og gode grønsaker; det er litt teit å for eksempel kjøpa dei billigaste tomatene for 11 kroner kiloen når dei heilt utruleg gode koster 47 kroner kiloen – du skal uansett ikkje eta mange kilo tomater i den tomatsalaten din, skal du? Eg har aldri høyrt om nokon som har blakka seg på å kjøpa gode, smakfulle tomater. Når det kjem til tomater får du veldig ofte det du betaler for. Me et mindre kjøt og meir grønsaker og då har me uansett meir enn god nok råd til å kjøpa dei gode tomatene. Dessutan er det teit å kjøpa vasne, nederlandske tomater når dei saftige, søte tomatene med tekstur frå Noreg, dei utan sprøytemiddel, er så uendeleg mykje betre. Og tilsvarande med andre grønsaker kor det finst gode alternativ.

Her er grønsakene: Gulrøter i fargane orange, gul, kvit, blå, lauk i variantane gul, rosa (kult!), raud, sjalott, kvit, tomat i ymse variantar, kålrabi, søtpotet og rosmarin.

No sit eg lyserosa inne etter fyrste skikkelege dagen i sola. Litt solbrent («neitakk, eg treng ikkje solkrem, eg blir ikkje solbrend.»), men godt nøgd. Ein kar kom bort til meg i parken i dag og smilte stort og sa at det var fyrste sommaren hans i Noreg, og at dei siste dagane med sol var det så fint at alle gjekk med skjørt og kjolar og at jentene og kvinnene var ekstra fine då, og at me såg glade ut, meir enn han hadde sett før liksom, og fyrst syntest eg det var rart og kanskje litt teit at han sa det, og eg blei litt flau, men så blei eg glad, for det er jo sant at me pynter oss litt ekstra. Eg gjer i allefall det. Det er jo ekstra kjekt å lukkast med noko, så då er det berre å smila. Han baud meg på is (dei hadde kjøpt ein sånn ti-pakning med frisk-is og hadde åpenbart nokre att), eg takka ja. Meir av slikt!

Ringla over godt med olivenolje og ha på salt og peppar. Bileta syner korleis det ser ut før og etter steiking (ein god time på 180 grader, langt nede i omnen. Berre sjekk at alt er møyrt så er det ferdig). I mi sommarferieverd er dette utruleg spennande. Godt eg starter med sommarjobbing snart kanskje!

Server berre grønsakene med ein god rømmeklatt viss du vil, det er kjempegodt og superenkelt! Eller gjer som eg har gjort og server med steikt kyllingfilet (få minutt på litt over middels varme på kvar side i olje eller smør, krydre med salt og peppar og la kvile i ti minutt før du skjer opp) og couscous (kok opp litt god kraft, ha i litt urter og ha i couscous, la det trekka til couscousen er ferdig og ha i ein smørklatt og litt salt og peppar som du rører inn før du serverer.)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.