Ein dag eg gjekk i tiande klasse på ungdomsskulen kom Elin innom med sjukt store og luftige kveitebollar. Ho gjekk på kokkelinje like ved og det var utruleg stas (både at ho gjekk på skule så nær at me kunne sjå kvarandre i friminutta av og til, og bollane). Dei bollane greidde eg aldri å gløyma, ei heller å laga maken til. Det er noko fabelaktig med dei svære, litt flate, luftige bollane og den matte og litt tjukke overflata som held det saman. Og ein fabelaktig smak og lukt av kardemomme. Himmel. Men eg har øvd, og eg trur desse er ganske nære min idé av perfekte kveitebollar i allefall.
Dei må sjølvsagt serverast med smør og ost på, eventuelt med smør og syltetøy. Og så må du ha mjølk til, eller is-te. Så er livet uendeleg godt.
- 1 liter heilmjølk
- 100 gram gjær
- 200 gram sukker
- 2 ts kardemomme
- 200 gram kaldt smør
- om lag 1,8 kg kveitemjøl (eg brukte eit mjøl med ekstra gluten i forresten)
Gode minner! Gledar meg til å smaka 🙂
LikarLikar
samd! det var suverent. eg skal laga bollar til deg når du kjem på piknik eg:)
LikarLikar
Eg gler meg til piknik med deg 🙂
LikarLikar
Jeg har nå bakt boller etter oppskriften din, men jeg brukte mindre sukker og littegrann havregryn. Håper de blir gode!
LikarLikar