Tomat- og paprikasuppe

Me har reist heim til Sjernarøy frå alle trikkane, kostebilane, folka, bråket i Oslo. Her høyrer du vinden i trea, vatnet som plaskar mot verandaen og rutene, sjøen, måkene. Det er ei heilt anna verd. Det er noko heilt eige med å vakna heime, og i eitt millisekund trur at du er sent ute til jobb, men så høyrer du måkene. Sjøen. Vinden. Regnet. Nokon som held på å stå opp. Me kjøpte ein kasse med jordbær i dag, og har ete jordbær med mjølk og fløyte, og laga masse syltetøy. Noko er rørt og frose, anna er hermetisert. Ute ligg linene i vatnet, og skal hentast i morgon. Kanskje får me fisk. I allefall skal eg fiska, og alt er idyll.

På Sjernarøy er mange bønder. Folk har kyr, sauar, høns, hestar, ender og anna. Og dei plantar poteter, gulrøter, redikkar, kålrot og andre rotgrønsaker, og kål, lauk, purrelauk, og i drivhus har mange tomater og agurk og slikt. Og bær då, så klart, og frukt. Kommunen eg kjem frå er den styrste tomatkommunen i landet. Når så havet er fullt av fisk og ein sit i hagen og et markjordbær og ser ut over sjøen er det lett å tenka at her har me eigentleg alt. Det finst ingen god grunn til å ikkje bu her, her har me alt.

 

Me er heime åleine i dag, bror, syster, kjærast, kompisen til bror min og eg, og me greier oss fint. No har me ete suppe:

Tomat- og paprikasuppe

  • åtte gode tomater med litt storleik
  • tre paprika
  • to og ein halv lauk
  • nokre kvitlauksfedd
  • ein liter kraft av kylling eller storfe
  • krydder – til dømes urter (basilikum og persille) og/eller andre krydder (kanel, peppar, salt)
  • nokre matskeier creme fraiche

Reinsk paprikaane og del dei i to på langs. Ta vekk frø og det grøne og dei tinga inni du ikkje ville ete om det var på brødskiva di heller. Legg dei på full varme langt oppe i omnen på grillfunksjon til dei er skinnet er svart. Ta dei ut. La dei kjøla seg ned. Når dei er kalde flår du av skinnet. Bruk gjerne ei skei eller noko å skrapa ut kjøtet med viss det er enklare. Du kastar skinnet.

Skjær eit kryss i tomatene og skold dei i varmt vatn før du har dei i iskaldt vatn og fjernar skinnet. Det er best utan skinn. Grovhakk dei.

Finhakk lauk og kvitlauk og steik han i litt olje. Steik til han er mjuk og blank. Ha i tomater og paprika og hell på kraft til det dekkjer. Kok det opp og la det koka litt før du moser suppa med stavmiksar. Ha i urter og krydder og rør inn nokre matskeier creme fraiche.  Pynt gjerne med urter eller spiselege blomar.

Kvitlauksbrød med ost

Kor mykje du skal laga kjem så klart an på kor mange som skal ha og kor mange rundstykker du vil laga av og så bortetter. Men det går fint. Skjær rutemønster i rundstykka, nesten heilt gjennom. Lag kvitluakssmør av smør og kvitlauksfedd (gjerne grilla eller frå confit), og ha i litt salt. Smør godt av denne blandinga mellom rutene. Ha i litt ost og, og steik i omnen på 220 grader til osten er smelta og litt gyllen.
Eg tenkte eg hadde laga nok til lunsj til i morgon og. Men det blei ete opp, alt saman. Det får vere eit godt teikn.

Ein tanke på “Tomat- og paprikasuppe

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.