Crème Brûlée

Verdas beste Elin var innom i går, og me lagde blant anna crème brûlée. Det er bortimot tøysete godt.

 

  • 4 store eggeplommer 
  • 50 g sukker
  • 5 dl kremfløyte
  • 1 vaniljestang
  • en lita klype salt
  • brunt sukker (til toppen)
Pisk eggeplommene, saltet og sukkeret. Del vaniljestanga og skrap ut frøa – ha både frø og vaniljestang i fløyten og gje det eit oppkok. Ta ut vaniljestanga, og hell den varme fløyten i ein tynn stråle i eggeblandinga medan du pisker godt. Ver forsiktig, elles vert det eggerøre. Når du har rørt i alt, lar du det stå og kvila ein halvtime før du heller det i seks former og steiker det på 90 grader. Dei skal ikkje koka. Sjekk dei etter ein halvtime, når du kan dytta litt i dei utan at dei skvulper er dei ferdige. La dei kjøla seg ned litt før du har litt brunt sukker på toppen og brenn det med ein litan brennar, eller set dei heilt kort under grillen på omnen på full guffe.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.