Baguettar med urtesmør

Det er fredag og ute pøsregnar det og det tordnar. Ingen invitt til parkgrilling eller piknik i allefall. Så det er ein bra dag for å kosa seg med killergode baguettar med urtesmør til formiddagsmat.

Baguettar:

  • 4 dl vatn, litt kaldt
  • 600 g kveitemjøl, helst vinjett (du må prøva deg fram. Deigen skal vere litt klissete)
  • ein halv pakke gjær
  • ei ts salt
  • ei ts oregano eller timian eller rosmarin

Bland alt saman og elt godt! Bruk gjerne eltemaskin ei stund. La det heva til dobbel storleik. Bak ut fire baguettar, etterhev dei til om lag dobbel storleik att og steik på 210 grader i rundt tjue minutt. Server med urtesmør.

Urtesmør:

  • smør
  • kvitlauk
  • basilikum
  • litt salt, viss du vil

Mos alt godt saman og smak til med salt. Ha det i ei fin skål og oppbevar det sjølvsagt kaldt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.