Alle liker sjokolademousse. Og av ein eller annan grunn trur alle det er vanskeleg å laga. Det er ikkje det, det er kjempelett. Og det går fort, og det er godt! Lag gjerne variantar med ei matskei sterk kaffi som du rører inn i den smelta sjokoladen eller med sjokoladebitar i. Det er og heilt topp. God søndag.
Sjokolademousse
- 2 eggekviter
- 100 g sukker
- 150 g mørk sjokolade
- 2 eggeplommer
- 2,5 dl fløyte
Smelt sjokoladen forsiktig, helst over vassbad. Eggekvitene pisker du til luftig marengs saman med sukkeret, og fløyten visper du til luftig krem. Plommene visper du saman og rører inn i sjokoladen. Vend så inn marengsen, og bland til slutt inn den piska kremen. Ha massen i glas og avkjøl før servering.
Ein tanke på “Sjokolademousse”