Daim

Det nærmar seg jo jul, og eg tenkte at sidan eg a) sjølv set pris på gjennomtenkte julegåver folk har laga sjølv og b) har innsett at alle venene mine ærleg talt har alt dei treng og meir til og c) har brukt alle pengane mine på billettar til peru og machu picchu til neste sommar så får ein laga ting sjølv. Så no øver eg på ulike typer ting som funker som julegåver. I dag: Daim.

Daim er jo, reint objektivt sett, noko av det beste som er.

Daim

  • 500 g sukker
  • 500 g smør
  • 200 g sjokolade (70%)
  • to klyper maldonsalt

Varm sukker og smør i ei steikepanne til det vert 150 grader. Viss du ikkje har sukkertermometer, er det når sukkeret får jamn brunfarge. Sørg for å røra så det vert jamnt. Hell det heile i ei bakepapirkledt form, anten det er brødformer, langpanneform eller kva anna du nå måtte ha. Når det har stivna litt men ikkje har vorte heilt kaldt endå har du på hakka sjokolade som smelter, og så kan du bre det utover. Strø så på littegranne havsalt. Du kan og vurdera å venta til det er kaldt, brekka opp knekken og dyppa heime i smelta sjokolade og avkjøla. Himla bra.

 

Oppbevar i romtemperatur. Pakk gjerne inn i celofan-posar eller liknande.

 

Du kan forresten meir enn gjerne pimpa daimen din med peanøtter og få peanøttknekk. Eg trur faktisk nesten at eg vil anbefala det:)

24 tankar på “Daim

  1. Har prøvd å lage den, blei veldig godt. Blei lit mykje søl når eg delte den, så prøvde ein gong til med bare å skjere den opp. Anbefaler denne veldig.
    Alf

    Likar

    1. Så bra at det blei godt! Eg pleier å vente til det har blitt heilt kaldt før eg deler det opp, men det gjekk visst bra likevel! 🙂

      Likar

  2. Hei Liv!

    Bra innlegg, nå har jeg anbefalt det på Lesernes VG og du ser det nederst på vg.no

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no

    Hilsen Magne i VG

    Likar

    1. Dei er kjempegode!:) Dei held ikkje lenge, for dei blir fort spist opp. Men viss dei skal lagrast, så ville eg ikkje lagra dei lengre enn to veker. Dei burde likevel halda seg lenge, sukker, smør og sjokolade er jo ting som held seg lenge.

      Likar

  3. Hei,

    Går det an å bruke brunt sukker i stede for hvitt? Fikk veldig lyst til å prøve daimen i kveld

    Likar

    1. Eg synst det er berre godt med litt salt i karamell eg. Så bruk gjerne kva enn du har;) Men puristar ville sikkert sagt at det ikkje skal vere salt i. (ikkje høyr på dei)

      Likar

    1. Medium varme. Du vil jo helst ikkje svi sukkeret (då smakar det bittert), men det skal jo bli lysebrunt. Det beste er å ta tida til hjelp og eventuelt skru opp varmen viss du føler at det trengst.

      Likar

  4. Hei:-). Ser jo veldig godt ut, og jeg har latt meg friste til å lage. Smaken ble god, men den ble kornete og helt feil på konsistens….Kan du legge ut en mye mer detaljert beskrivelse av hvordan du gjør det trinn for trinn for oss som må ha det inn med teskje?:-D

    Likar

    1. Så dumt at det blei kornete og rar konsistens! Eg trur det viktigste er: Sørg for at det er jamnt smelta. Rør det saman. Pass på at når du måler temperaturen så er det 150 grader i sjølve røra og ikkje nedst mot steikepanna (den vil jo gjerne vere varmare). Elles: Ikkje la det komma fuktighet i når du lagar det, og ikkje la det stå utildekka i kjøleskåp eller liknande, for det vert ikkje så bra då. Det skulle gjere at det ordnar seg. Eg skal sjå om eg kan forstå kvifor konsistensen blei så rar og eventuelt koma attende med endå meir utfyllande..:) Men om smaken blei bra, så har du i allefall fått til det viktigste! Hmm…

      Likar

  5. Hei:-). Jeg forsøkte å lage dette, men det ble ikke så vellykket.Smaken var god, men den ble kornete og rar i konsistensen… Kunne du legge ut en mye mer detaljert beskrivelse med trinn for trinn av hvordan du gjør det for oss som må ha det inn med teskje?:-D

    Likar

  6. En av mine mannlige kollegaer så denne oppskriften gjennom vg, og sendte linken til meg med spørsmål om ikke jeg kan vær så snill å lage daim til julelunsjen på fredag. Vi blir ca 40-50 stk, så må lage en del. Men satser på at de blir bra 🙂 Spennende 🙂 Takk for oppskrift 🙂

    Likar

  7. smør og sukker skilte seg ordentlig på slutten, vet ikke hva jeg skulle gjort for å unngå det? Da det var ei fin røre var den altfor lys, var først når det begynte å bli gylden farge at det skilte seg 😦

    Likar

    1. Så dumt, Hilde! Har skjønt at det kan skje etter litt kommentarar her. Det at røra er for lys eller mørk har med temperatur å gjere. Ikkje tenk så mykje på det. Det andre kan du lesa meir om her: http://baking911.com/learn/baked-goods/candy/types/toffee

      Anbefalar først og framst at du prøver å varma det opp saktare… Det kan vere det hjelper deg. LUKKE TIL igjen! Dette er nemleg verkeleg godt, og det ville vore trist viss du ikkje skulle lukkast:/

      Likar

  8. Hvordan unngår man at smøret skiller seg fra sukkeret etter at massen er helt utover langpanna? Ikke veldig innbydende hverken på smak eller utseende. Har det noe med type smør å gjøre?
    Pleier du å smelte sukkeret før du har oppi smøret eller koker du alt i en smekk?

    Likar

  9. Tilbakeping: Mat | Pearltrees

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.