Då Olaug og eg var små hadde me dagmamma og dagpappa. Dei heitte Olaug og Hans, og me koste oss verkeleg der. Hans lærte oss bokstavar og tok oss med på fisketur og lot oss få smaka på røykemakrellen han laga. Olaug Hansen (omtalt med fullt namn all den tid syster mi og ho deler namn) laga blant anna krumkaker og lefser, og me fekk smaka.
Krumkakene til Olaug Hansen har veldig høg status her heime, og må lagast kvar jul. Dei skal vere heilt sprø og porøse.
- 3 egg
- 150 g sukker
- 150 g smør
- 125 g kveitemjøl
- 25 g potetmjøl
- 1 ts vatn
Ein. Visp eggedosis av egg og sukker. Smelt og avkjøl smøret.
To. Tilset smøret, vatn og mjøl i eggedosisen. La røra svella ein time.
Tre. Varm krumkakejernet og legg ei stor teskje røre midt på jernet. Steik kakene lyst gyllenbrune. Rull dei straks til kremmarhus. Server med krem og bær, eller til is.
Ein tanke på “Krumkaker”