Studiekvardagen hos oss på pedagogikk innebærer ein god del tid i kollokviegrupper og på gruppearbeid. Anten me skal få levert inn felles arbeid eller berre lesa nok til å bestå eksamen. Og sidan det faktisk er ganske mykje arbeid, hjelper det med litt kollokviemat. Og der kor møtemat alltid ser ut til å vere pizza eller kinamat, er kollokviemat variantar av kjeks og kakar ein kan ete med hendene. Det er lite lavkarbo med kollokvie..:) Dette er Sara sine sjokoladekjeks. Dei er seriøst gode.
Sara sine kollokviekjeks
- 325 gram mørk sjokolade (125 gram smelta, resten grovhakka)
- 125 gram smør
- 60 gram kvitt sukker
- 70 gram brunt sukker
- frøa frå ei vaniljestang (eller litt vaniljesukker)
- 1 egg
- 150 gram kveitemjøl
- 2 ms kakao
- 1,5 ts bakepulver
- 0,5 ts salt
Rør smør og sukker kvitt. Ha i 125 gram smelta sjokolade og rør det godt saman. Bland så inn egget, og ha i resten. Rør saman. Rull til ei pølse som du legg i kjøleskap til det er kaldt, og skjær så 20 skiver som du steiker på 200*C i om lag 8 minutt.