Dette er dei fem beste variantane eg veit av eltefrie brød. Dei har noko ulike bruksområder, men det er steingode. Framgangsmåten er den same sjølv om innhaldet varierer litt.
1. Far sitt fantastiske hasselnøttbrød.
Godt til alt (du kan laga eltefrie rundstykke: Etter heving deler du deigen i åtte emner som du bretter litt og set på eit bakebrett og etterhever ein time før du steiker dei i tjue minutt på 220 grader og avkjøler på rist).
- 500 gram kveitemjøl
- ½ ts tørrgjær
- 1 ½ ts salt
- 4 dl kaldt vatn
- ein god neve hasselnøtter, grovhakka
- ei god klype maldonsalt til å strø (ha på brødet LIKE før steiking, ikkje i deigen)
- Ei gryte med lokk som tåler 250 C, t.d. ei jerngryte
2. Rosmarinbrød
Brillefint til smørbrød (ikkje med søtt pålegg då), og til middag.
- 500 gram kveitemjøl
- ½ ts tørrgjær
- 1 ½ ts salt
- 4 stilkar rosmarin (uten sjølve stilken, og grovhakk blada)
- 0,5 ts peppar
- 1 dl olivenolje
- 3 dl kaldt vatn
- ei god klype maldonsalt til å strø (ha på brødet LIKE før steiking, ikkje i deigen)
- Ei gryte med lokk som tåler 250 C, t.d. ei jerngryte
3. Grøvbrød
Eit bra matpakkebrød. Ha gjerne i litt nøtter eller frø viss du vil.
- 200 gram kveitemjøl
- 200 gram sammalt kveitemjøl
- 100 gram rugmjøl
- ein neve grovhakka hasselnøtter
- ½ ts tørrgjær
- 1 ½ ts salt
- 4 dl kaldt vatn
- 1 dl cottage cheese
- Ei gryte med lokk som tåler 250 C, t.d. ei jerngryte
4. Kvitlauksbrød
Kjempegodt til suppe, salat eller middag (du kan laga bagettar viss du formar bagettar etter at deigen har heva, etterhever ein times tid og steiker på 220 grader i tjue minutt og avkjøler på rist).
- 500 gram kveitemjøl
- ½ ts tørrgjær
- 1 ½ ts salt
- 4 dl kaldt vatn
- femten-tjue fedd omnsbakt kvitlauk (må vere heilt mjuke) (rør dei godt inn i deigen så dei løyser seg ganske opp)
- ei god klype maldonsalt til å strø (ha på brødet LIKE før steiking, ikkje i deigen)
- Ei gryte med lokk som tåler 250 C, t.d. ei jerngryte
5. Kanelbollebrød
Supergodt med smør på når du berre vil ha noko godt til kvelds eller til kaffen eller noko sånt. Du kan variera med litt sukker og rive appelsinskal til strø i staden for kanel og sukker, eller du kan ha i sjokoladebitar. Det er og kjempegodt.
- 500 gram kveitemjøl
- ½ ts tørrgjær
- 1 ½ ts salt
- tre gode nevar rosiner
- 2 dl mjølk
- 2 dl kaldt vatn
- 2 ms kanel og 3 ms sukker som strø (strø kvar gong du bretter deigen før etterhevinga så du får lag i brødet)
Framgangsmåte:
Ha alle ingrediensane (utanom evt. klypa med salt til å strø) i ein bolle, og rør det raskt saman med ei tresleiv eller noko. Deigen skal vere klissete. Dekk til bollen med plast, og set han til heving i romtemperatur i 12-18 timer. Deigen er boblete på overflaten når han er ferdig heva.
Hell deigen ut på eit bakepapir med mjøl på og brett han over seg sjølv 12-14 gongar – til deigen vert fastare og vanskelegare å bretta (fordi han vert «rundare» på ein måte). Set bollen opp ned over deigen så han ikkje tørker ut, og la han ligga der til etterheving i om lag 2 timer.
Etter ein og ein halv time set du omnen på 250 *C, og set samtidig gryta inn på nedste rille til oppvarming. Når omnen har blitt 250 *C (og deigen har etterheva i minst 2 timer), tek du gryta ut av omnen.
Løft opp deigen på bakepapiret og hell han nedi den varme gryta. Det er den varme gryta som gir den sprø overflaten etterpå. Sett på lokket og putt heile greia i omnen. Strø gjerne litt maldonsalt over. Steik i 30 minutt (på nedste rille), og ta så av lokket og steik 15 minutt til.