Salat med and og appelsin

Dette er ein fabelaktig salat. Verkeleg god. Eg liker så godt det varme andebrystet, dei salte cashewnøttene og appelsina saman, og så må du endeleg laga den gode dressingen. Server med godt brød til, så har du det!

Salat

  • 1 andebryst
  • 0,5 avokado, i terningar
  • 10 cm av ei agurk, i terningar
  • 3 ms rista og salte cashewnøtter
  • ei appelsin, skåre i filetar
  • ei skive melon (eg har brukt honningmelon, men bruk gjerne vannmelon)
  • ei blanding av frise-, hjarte- og eikebladsalat og ruccola (eller det du måtte ha som du liker godt)
  • salt og peppar
  • koriander

Dressing

  • 6 ms solsikkeolje
  • safta frå 2 lime
  • 4 ms soyasaus
  • 2 ts finhakka grøn chili
  • 2 ms finhakka sjalottlauk
  • 1 ts oystersaus
  • 2 ms finhakka koriander
  • 1 ts brunt sukker

Lag dressingen først så han får satt seg før han skal etast. Skjær ruter i fettsida på andebrystet og gni det med salt og peppar. Legg det i varm, tørr panne og steik til fettlaget er brunt og sprøtt. Snu, og sett i steikomn på 180 grader i 15 minutt. La det kvila før du skjærer det i skiver. Skjær alt det andre som skal i salaten i biter og ha det i ein bolle, og ha på salt og peppar. Vend inn litt av dressingen i salaten, og server. Hugs at det er betre å ha i for lite enn for mykje dressing – så kan folk ha på meir viss dei vil det.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.