Stian sine grove rundstykker

Det kanskje beste eg veit er å vakna til lukta av nystekte rundstykker. I dag var ein sånn dag, og kombinert med eit strålande vêr og nyrørt bringebærsyltetøy er me rimeleg nær perfekt morgon. Det seier seg kanskje sjølv at den bacheloroppgåva får skrivast ferdig ein annan dag – no skal me på laurdagstur i solskinet!

 

Stian sine inmari gode rundstykker:

  • 3 dl kald mjølk
  • 1 ms honning
  • 1 stor ts tørrgjær
  • 0,5 ts salt
  • 350 g mjøl (hald att litt på mjølet – det skal vere ein klissete deig, men ha i meir viss det trengst)
  • 50 g kruskakli
  • 50 g smør i terningar

 

Slik gjer du:

Desse er heva over natta – då bruker du kald mjølk. Viss du vil baka dei ut same dag bruker du lunka mjølk. Ha alt utanom smør i ein bakebolle og elt med maskin i ti minutt – fyrst på låg hastighet og så på låg til middels. Deigen skal ikkje vere for fast, men du skal vere i stand til å trilla rundstykker av han liksom! Ha i smørterningane og elt til dei og er godt blanda inn. Så hever du deigen over natta (eller i ein times tid viss du bruker lunka mjølk) til deigen er dobbelt så stor. Bak så ut åtte rundstykker, som du penslar med mjølk og strør med solsikkefrø, før du etterhever i ein god halvtime og steiker på 200 grader i 15-18 minutt. Avkjøl på rist.

 

2 tankar på “Stian sine grove rundstykker

  1. Desse såg kjempegode ut! I morgon skal eg jamen stikke ut og kjøpe solsikkefrø og overraske italienarane med heimelaga bakverkl!
    Buon appetiti!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.