No om dagen er appelsinene på det beste. Dei er inmari gode og søte, så dei er vel verdt å bruka til dessert. Kva som helst av frukt funker sjølvsagt til dessert, men dette er noko av det beste. Skjær av skall og alt det kvite av ei appelsin, og legg appelsina i handa og skjær ut appelsinfiletar mellom dei kvite hinnene som held båtane saman (det går fortare og blir mindre svinn etter litt øving altså.). Så får du perfekte appelsinbåtar utan det kvite greiene. Skvis over juicen frå det som blir igjen av appelsina. Server med litt vaniljekesam og bittelitt riven sjokolade over. Nam.
