Steikt laks og brokkoli er av tinga me åt mykje av då eg var lita. Verkeleg mykje. Ein av tinga eg lærte av far min var at ein ikkje skal overkoka grønsakene. La dei stakkars gulrøtene og brokkoliane få behalda form, farge, vitaminer og smak, liksom! Dette er ein rett som tek så lang tid som det tek å koka potetene. Fisken skal berre steika nokre få minutt. Gulrøtene og brokkolien skal og berre varmast ganske kjapt. Viss du har kokte poteter frå før og lagar potetstappe eller går for berre gulrøter og brokkoli burde du ha mat på bordet på eit greitt kvarter. Hurtigmat, altså!
Til to.
Kok poteter i salta vatn.
Brokkolisalat
- 1 brokkli, i litt små bukettar. Skjær stammen i tilsvarande storleikar og bruk denne og.
- 8 soltørka tomater, i bitar
- 100 g feta i blokk, skjær i terningar
- 2 vårlauk, i bitar
- litt olivenolje
- ein god skvis sitronsaft
- salt og peppar
Kok brokkolien i salta vatn. Det går fort, ikkje overkok han! Avkjøl i iskaldt vatn. Tørk godt! Legg brokkolien på eit fat og ha resten over. Smak til med salt, peppar, sitronsaft og ringle over litt olivenolje.
Gulrøter
- 250 g gulrøter (eller kor mykje de no vil ha)
- 2,5 dl farris
- 30 g smør
- salt, peppar, persille
Skrell gulrøter og skjær dei i bitar. Ha dei i ei gryte med akkurat nok farris til å dekka dei. Kok. Ideelt sett er farrisen AKKURAT kokt inn i det gulrøtene er ferdige, men sidan verda ikkje er perfekt og rettferdig får du hella av eller fylla på så det går i hop. Når gulrøtene er kokte og farrisen borte har du i smør og glasserer gulrøtene. Ha på salt, peppar og persille.
Pepparsteikt laks
- 2 porsjonsstykker laks utan skinn
- salt, peppar, sitronskal
- olje
- smør
Tørk av fiskestykket og ha på godt med peppar, salt og riv på sitronskal. Gjenta på begge sider. Varm ei panne godt og ha i olje. Legg i fiskestykka. Snu når fisken er steikt nesten halvveis gjennom. Ha i ein smørklatt, det gir så god smak! Hugs berre å ikkje oversteika laksen, då blir han så tørr. Laks kan godt vere littegranne usteikt i midten utan at det gjer noko, det einaste du kan rota til er å steika for mykje så han blir tørr.