Aspargesforrett

Her om dagen hadde eg med meg ein eittåring på aspargeshausting. Me har tidlegare vore og planta ymse urter og gulrøter, men no er aspargessesongen godt i gong. Me var nokre såvidt vaksne og nokre knøttsmå og plukka asparges. Dei små små-åt frå både asparges og graslauk, og då me blei servert salat med bøner og slikt var det og skikkeleg pop hjå dei små. Det er moro.

Dei aspargesane eg fekk med meg heim var fantastiske, dei var sprø, søte og herlege på alle måtar. Eg laga litt sånn småplukk av dei med ei knallgod spekeskinke eg hadde liggande (Æra frå Gilde for anledningen), ein vellagra norvegia og litt manchego, som er himla gode ostar til slike formål. Eg steikte aspargesane heilt kjapt i litt smør, kappa dei til, hadde ein ostebit til og surra rundt litt spekeskinke.

Eg veit det ikkje er særleg originalt eller noko, men fytti så godt det er. Til å eta som litt småplukk, saman med andre ting eller viss ein skulle ha tapas eller noko. Kjærasten og eg åt dei opp før middag, så då kan ein kanskje kalla det forrett?

DSC_8007

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.