(Dette er ein veldig god salat, sjølv om biletet er skikkeleg dårleg.)
I dag fekk me ein stor pose grønsaker og salat frå Kooperativet – det var første levering, ei prøvelevering. Konseptet er ganske enkelt: Oslo Kooperativ er eit medlemseigd- og medlemsdrive samvirke for direktesal av lokale økologiske råvarer som skal gavna både bønder og medlemmane, og alle medlemmane i kooperativet bidrar i nokon grad med bestilling av varer, kontakt med bønder, logistikk, pakking og så bortetter. I dag fekk me ulike salatar, gulrøter, spisskål, agurker, squash, raudbeter, kålrabi, persille, lauk, purre og mangold. Dei var kjempefine, og eg gler meg til neste pose allerede!
Til middag i dag brukte me agurk, salat og litt lauk, i løpet av veka skal det bli litt av kvart kjekt!
Salat til to svoltne
- 1 andebryst
- 0,5 avokado, i terningar (hugs å ta ein skikkeleg moden!)
- 10 cm av ei agurk, i terningar
- ein god neve rista og salta cashewnøtter
- ei appelsin, skåre i filetar
- ei god skive honningmelon, evt. vannmelon
- eitt lite salathovud av ein salat du liker godt
- salt og peppar
- koriander
Dressing (det blir restar av dressingen men han er så god at det er greitt)
- 6 ms smaksnøytral olje (t.d. solsikke- eller rapsolje)
- safta frå 0,5 sitron
- 4 ms soyasaus
- 2 ts finhakka grøn chili
- 2 ms finhakka lauk
- 1 ts oystersaus
- 2 ms finhakka koriander
- 1 ts brunt sukker
Lag dressingen først så han får satt seg.
Skjær ruter i fettsida på andebrystet og gni det med salt og peppar. Legg det i varm, tørr panne og steik til fettlaget er brunt og sprøtt. Snu, og sett i steikomn på 180 grader i 15 minutt eller til det har ein kjernetemperatur på 57-62 grader. La det kvila før du skjærer det i skiver.
Skjær alt det andre som skal i salaten i biter og ha det i ein bolle, og ha på salt og peppar. Vend inn litt av dressingen i salaten, og server. Hugs at det er betre å ha i for lite enn for mykje dressing – så kan folk ha på meir viss dei vil det.