Dette brødet er saftig og smakar godt av parmesan og rosmarin og var himla godt til suppe, kjærasten trur på at det er godt til ostesmørbrød og eg har god tru på dette brødet som grunnlag for biffsmørbrød. Sidan me berre er to her heime har eg skåre resten av brødet, det me ikkje åt i dag, i skiver og frose dei ned til slike høve – eg ser fram til dette!
Eltefritt brød med parmesan og urter
- 5 dl mjøl
- 4 dl vatn
- ei halv ts tørrgjær
- 2 ts salt
- 2 ts kverna peppar
- 2 ms olivenolje
- 100 g parmesan, rive
- tre stilkar rosmarin (ikkje stilken, berre blada, grovhakka)
Rør alt fort saman og la det stå til heving i 12-18 timar. Det stemmer at det skal vere ein litt våt deig. Når deigen er heva, heller du han på eit bakepapir med godt med mjøl på og bretter han over seg sjølv ti-tolv gonger. Set bollen opp ned over deigen så han ikkje tørker ut, og la han stå der til etterheving i om lag 2 timer.
Etter ein og ein halv time set du omnen på 250 *C, og set samtidig gryta inn på nedste rille til oppvarming. Når omnen har blitt 250 *C (og deigen har etterheva i to timer), tek du gryta ut av omnen. Løft opp deigen på bakepapiret og hell han nedi den varme gryta. Det er den varme gryta som gir den sprø overflaten etterpå. Strø godt med maldonsalt på brødet! Sett på lokket og putt heile greia i omnen.
Steik i 30 minutt (på nedste rille), og ta så av lokket og steik 15 minutt til, skru ned varmen til 220 grader. Ha brødet på rist og la det avkjøla seg før du skjærer i det. Oppbevar det så i eit kjøkkenhandle og ikkje i plast, for då blir skorpa mjuk og litt trist.