Sopa a la pesca

DSC_8994

 

Eg er skikkeleg glad i suppe, og veldig glad i fisk, og denne suppa er ei av dei absolutte favorittane mine. Oppskrifta har eg fått frå far, som er den absolutt beste eg veit både til å laga gode supper og god mat av fisk, og dette er ein heilt topp kombinasjon av dei to.

1272019_541866825887041_1804239874_o

Men først så må me snakka litt om fisk. I Oslo synst eg det har vore vanskeleg å finna ein verkeleg god stad å handla fisk. Eg har søkt på nett, besøkt fiskebutikkar etc. Somme fiskebutikkar har eg droppa fordi eg synst det ser lite hygienisk ut, somme har eg lese at har for høge bakterienivå når dei har blitt testa. Nokre tilsette er ikkje spesielt flinke i jobben sin, eller dei er lite hjelpsame. Men no har eg landa, funne ein favoritt: Frøya Sjømat på Mathallen er super. Dei som jobber der er flinke, reale og skikkelege, og sjømaten dei sel er og veldig bra.

Biletet av fiskedisken, her representert med eit bilete av den delen med krabbe og sånt, er teke av Frøya Sjømat sjølv og eg har berre teke det frå facebooken deira, sidan eg synst det er litt kleint å ta bilete av folk på jobb..:)

 

Far si fiskesuppe

  • 2 lauk, finhakka
  • 2 fedd kvitlauk
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 1 liter god hønsekraft
  • 0,5 flaske kvitvin
  • 3 dl fløyte
  • salt, peppar
  • 1,5 ts sukker
  • 750 g torsk, breiflabb og kveite i store terningar
  • 0,5 kg renska reker

Denne suppa baserer seg på at du har gode råvarer. Du MÅ ha god hønsekraft og bra fisk, ellers er det ikkje håp. Lag ei god kraft, eller kjøp ei god ei. Det same med fisk og reker: Kjøp fersk fisk og ferske reker og rensk rekene sjølv. Det gjer heile forskjellen, lovar 🙂

Steik lauken mjuk i olivenolje – steik på låg varme. Ha oppi tomatene og sukkeret og la det koka nokre minutt. Ha oppi vinen, og kok ei god stund. Hell i fløyten, og kok litt til. Smak til med krydder.

Skjær fisken i fine biter og rensk rekene. Trekk gryta av plata, og ha i fiskestykkene. La dei trekka nokre få minutt, og ha i rekene. Rekene skal berre såvidt bli varme før du serverer.

 

Kvitlauksloff

Bland smør og kvitlauk og salt. Skjær eit brød i skiver og smør skivene med smøret. Legg skivene saman og pakk inn i aleminiumsfolie og steik på 200 grader i 30 minutt. Opne på toppen dei siste fem minutta så skivene får litt sprø skorpe.

2 tankar på “Sopa a la pesca

  1. – Den beste suppa av alle. (er det ikkje her det gjerne skulle vore ein fersk persillekvast og kanskje litt safran på toppen? 🙂 )

    Likar

    1. haha, eg har stått og tenkt på safran i heile ettermiddag 😉 hadde ikkje, stod ikkje i oppskrifta heller, så det blir neste gong tenkjer eg! persillekvastar er eg ikkje så sjukt stor fan av i suppe, dei vil eg heller ha finklipt over potetstappe eller noko. men ikkje som kvast! og ikkje i maten min..! 🙂

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.