Kjøttsuppe

 

Det er på tide å finna fram til dei litt lettare grytene enn dei gode, men vinteraktige, me har hatt dei siste månadane. I butikken her om dagen hadde dei noko billig, seigt kjøtt på tilbod, og når eg talte opp innhaldet i kjøleskåpet, sjå over, kom eg fram til at det passa godt med ein av desse middagane som tek lang tid, men er lite arbeid. Det er supert med sånne middagar som er like gode dagen etter, og kor du kan putta omtrent alt du må få brukt som du har liggande nedst i kjøleskapet, berre tilpass tidspunktet du puttar grønsakene oppi til kor lenge dei toler å koka.

IMG_1314

Kjøttsuppe til fire

  • 1 kg storfekjøtt, gjerne høgrygg eller noko, og gjerne med bein, i bitar
  • ein bit bacon, i bitar
  • 3 gulrøter, skrelt og i bitar
  • 1 lita kålrot, skrelt og i bitar
  • 2 fedd kvitlauk, finhakka
  • 1 stor lauk (grovhakka) og 4-5 smålauk (heile eller grovhakka)
  • 150 g frosne erter
  • 100 g brekkbøner
  • tre kvistar timian
  • 1 laurbærblad
  • salt, peppar
  • olivenolje
  • vatn

Skjær kjøttet og baconet og baconet i bitar, og brun det i olivenolje i ein romsleg kjele. Ha i lauk og kvitlauk og brun den forsiktig. Ha i gulrøtter og kålrot og hell over nok vatn til at det dekkjer såvidt. Ha i eit laurbærblad og timian og kok opp. Skum av og la det trekka under lokk og under kokepunktet eit par-tre timar. Like før servering fjernar du bein, timiankvistane og laurbærbladet, og har i bønner og erter, dei treng berre nokre heilt få minutt. Smak om du treng meir salt og peppar. Server gjerne med brød!

 

IMG_1327

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.