Sjokoladekake (og litt rabarbrakake og)

Eg har fått meg nokre kjempefine småformer, litt sånn porsjonsform-aktige, som eg har hatt lyst til å testa ei stund. Så då eg gjekk morgontur i morges og fann rabarbra, tenkte eg at eg skulle testa om det gjekk an å laga rabarbrakake i dei (eg liker skikkeleg godt den søte kaka med syrlege bitar rabarbra i. Nam!). Og så har eg og fått ei sjokoladekakeoppskrift eg har hatt lyst til å laga, så då blei det begge deler då.

Sjokoladekaka er ei saftig sjokoladekake, ganske langt frå tørre og keisame langpannekaker. Då eg fekk oppskrifta skildra ho kaka som ein mellomting mellom sånn britisk bakt pudding og meir tradisjonell sjokoladekake. Det er fordi kaka er laga på olje i staden for smør, og inneheld så mykje kaffi. Det er definitivt ei god og litt annleis sjokoladekake ein gjerne kan gje eit forsøk.  Som du kanskje tenkjer deg, er kaka hakket meir eigna for vaksne enn ungar.

 

Sunniva si kjempegode sjokoladekake

  • 4,75 dl sukker
  • 3,5 dl kveitemjøl
  • 1,8 dl bakekakao
  • 0,5 ts salt
  • 1 ts bakepulver
  • 2 ts natron
  • 2,4 dl kulturmjølk
  • 2,4 dl sterk kaffi
  • 1,2 dl raps- eller solsikkeolje
  • 2 egg
  • frøa frå ei vaniljestang eller tilsvarande i vaniljesukker

Mål opp alt. Ha kulturmjølk, kaffi, olje og egg i miksar, og miks det heilt godt saman. Ha så i alt det tørre, og rør det godt inn.

Smør former med smør og ha kakao på. Hell røra i formene (ta kva former du måtte ønska – alle typar går kjempefint, berre hugs å følga med på steiketid), og steik i 40-45 minutt, til du kan stikka ein kakestikkar i kaka og han kjem opp rein. Avkjøl i ti minutt i forma, avkjøl resten av tida på rist.

Dryss over melis og server.

 

Rabarbrakaka finn du oppskrift på her.

 

 

IMG_1617

 

 

2 tankar på “Sjokoladekake (og litt rabarbrakake og)

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.