Eg fann nokre stilkar rabarbra på den litt hemmelege rabarbrastaden min i dag og måtte bruka dei til noko. Rabarbrakake, til dømes! Det er så godt med den søte kaka med syrlege rabarbrabitar i. Dette er ei himla enkel røre saman-kake, og det passar jo godt no på sommaren.
Rabarbrakake
- 125 g smør, romtemperert
- 190 g sukker
- 150 g lettrømme
- 3 egg
- 3 ss grapefruktjuice
- 190 g kveitemjøl
- 1 ts bakepulver
- 3 litt tynne stilkar rabarbra i 1 cm lange bitar, vendt i sukker
Rør smør og sukker kvitt. Rør inn rømme og rør egga godt inn eitt etter eitt, og så grapefruktjuice. Til slutt rører du inn bakepulveret, og så kveitemjølet. Ikkje rør meir enn du må når du har hatt i mjøl. Vend til slutt i rabarbrabitane, som du vender i litt sukker før du har dei i røra.
Ha røra i smurte former. Steik på 175 grader i ca. 45-50 minutt. Sjekk med ein kakestikkar at kaka er gjennomstekt.
Avkjøl i forma i ti minutt, og avkjøl på rist til ho er heilt kald, eller server lunka (det er sjølvsagt best!)
Server med krem eller is viss du vil. Det er uansett bra 🙂
Ein tanke på “Rabarbrakake”