Dette er ein veldig, veldig god salat. Han er ikkje ekstremt fotogen, men han er sunn og særs god. Og lagar du mykje, så har du skikkeleg god lunsj i morgon og. Fantastisk!
Himla bra søtpotet- og emmersalat
- ca 1 kg søtpotet, skrelt, i terningar
- olivenolje
- salt og peppar
- 2,5 dl emmerperler eller speltperler
- 1 dl rista graskarkjernar (gjerne salte!)
- 85 g fetaost eller mozarella
- 1 ms sherryeddik
- 1 ms vatn
- 0,5 ts salt
- 0,5 ts sukker
- 0,5 finhakka raudlauk
Varm omnen til 190 grader. Ringle litt olje over søtpotetene og bak dei i omnen til dei er møyre. Det tek ca 25 minutt. Snu dei undervegs i steikeperioden. Set til side og la det avkjøla seg litt.
Kok emmerperlene etter anvisninga på pakka. Det tek om lag 25 minutt. Avkjøl litt.
Rør saman sherryeddik, vatn, 0,5 ts salt og sukkeret til sukker og salt løyser seg opp. Rør inn lauken. Set det i kjøleskapet i ca 30 minutt.
Finn ein stor bolle. Bland søtpotet, emmerperler, lauk og dressingen til lauken. Ha på feta og graskarkjerner. Rør evt inn 1-2 ms olivenolje. Smak til med salt og peppar.