Pannekaker

Pannekaker er kjempebra til frukost, middag, dessert og kveldsmat. Det er liksom ALLTID godt det! Server med bacon/syltetøy/friske bær/iskrem/suppe. Basert på far si oppskrift, berre nedskalert – når eg lagar originaloppskrifta har me liksom pannekaker i dagevis (ikkje at det er dumt i seg sjølv, for all del, men det kan jo vere praktisk med eindagsprosjekt og).

Legg forresten merke til kor sjukt fine dei blir når dei blir steikte i jernpanne! Eg verkeleg elskar den ganske nye jernpanna mi – funkar til absolutt alt, med berre heilt få unntak!

 

Far sine pannekaker til 3-4 personar alt etter kva du serverer med

  • 6 dl mjølk
  • 3 dl mjøl
  • 3 egg
  • ei klype salt

Pisk egga godt saman, ha i halvparten av mjølka og mjølet. Rør godt saman, men slutt å røre med ein gong klumpane er ute. Rør inn resten av mjølka og saltet. La røra kvile ein times tid.

Steik i litt smør, gjerne med bacon!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.