Smaken av sommar

Syster mi kom på besøk førre mandag, med ein kjølebag fylt med rips, bringebær, solbær og stikkelsbær frå mor. Så eg har safta, sylta, reinska og frose ned. No burde me ha syltetøy og saft og bær til dessertar til langt utpå hausten.

 

Det aller beste som finst er kanskje rips med vaniljesaus på. Vaniljesaus med sure diamantar i. Å, sommar! Du treng rips, det er åpenbart, og så slengjer du saman vaniljesausen. Vaniljesausen held seg nokre dagar i kjøleskåpet.

IMG_1689

Vaniljesaus til fire:

  • 5 store eggeplommer
  • 60 g sukker
  • 2 dl H-mjølk
  • 2,5 dl kremfløyte
  • 1 vaniljestang

Pisk saman eggeplommene med sukker til det er kvitt og luftig. Ha så eggeblandinga saman med mjølk, fløyte og vaniljestang (skjær vaniljestanga i to på langs, skrap ut frøa og ha både frø og vaniljestang i gryta).

Varm blandinga forsiktig over middels varme, og rør heile tida. Fortset med dette til vaniljesausen tjukner, men slutt før du har laga eggerøre – blir det for varmt går det gale. Du skal nå ca 80 grader.

Hell sausen over i ei mugge og avkjøl.

IMG_1715

 

Ein tanke på “Smaken av sommar

  1. Tilbakeping: Ripssaft

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.