Laurbærblad- og grapefruktformkake

Venninna mi Nora lagar ei himla god laurbær- og appelsinkake. I seg sjølv høyrest det litt spesielt ut med laurbærblad i kaka, men det er veldig godt! Her har eg brukt grapefrukt, for eg hadde ikkje appelsiner. Det var og godt!

Seks småkaker eller ei brødform

  • 85 g smør, smelta + 20 g mjukt smør til toppen
  • 8-10 små laurbærblad
  • 230 g kveitemjøl
  • 200 g sukker
  • 1 ts bakepulver
  • 3 egg, romtempererte
  • 125 g rømme
  • zest av ei appelsin/grapefrukt
  • 1 ss appelsinjuice/grapefruktjuice
  • frøa frå 0,5 vaniljestang

Glasur

  • 175 g melis
  • 2 ss appelsinjuice/grapefruktjuice

DSC_9603

Først av alt: Smelt smøret på svak varme i ein liten kjele og ha oppi laurbærblada. Dette skal få stå litt, få trekka smak av laurbærblada. La det stå minst i eit varter-tjue minutt.

Skru omnen på 180 grader og smør formene du har tenkt å bruka og dryss dei med mjøl.

Pisk saman alt det våte, og rør inn smøret og. La laurbæra ligga.

Rør inn det tørre – ikkje rør meir enn du må.

Hell røra i formene. Ha det mjuke smøret i eit kremmarhus eller ein pose kor du klipper av eit hjørne og pip ein strek mjukt smør tvers over kaka. Legg laurbærblad på og steik i 25-45 minutt alt etter kor store dei er.

Avkjøl nokre minutt i formene før du tek dei ut og let dei avkjøla seg heilt på rist. Lag glasuren, server.

 

DSC_9643

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.