Heimelaga peanøtt- og sjokoladepålegg

Sjokoladepålegg blir nok dessverre aldri særleg sunt. Men det kan bli sunnare enn dei greiene de selger i butikken – lager du det sjølv slepp du i alle fall alle dei rare greiene dei putter i kjøpesjokoladepålegget. Ikkje palmeolje eller tilsettingsstoff av andre slag. I tillegg kan du smaka det til sjølv, og eg skal lova deg at det vert mykje, mykje betre. Mmm!

 

Til om lag eitt glas treng du:

  • 5 dl peanøtter (rå: utan skap og utan salt og utan olje)
  • 1,75 dl bakekakao
  • 2,75 dl melis
  • 0,25 ts salt
  • 2-3 ms peanøttolje (eller ei smaksnøytral olje)
Set steikomnen på 200 grader. Rist peanøttene i om lag 7 minutt til dei vert ørlite mørkare og lukter rista. Putt dei så i ein foodprosessor eller blender og miks i om lag fem minutt. Peanøttene vil først verte malt til smuler til olja i dei vert frigitt og så vert det ein ganske glatt masse (det luktar så GODT!). Ha så i dei andre ingrediensane og blend vidare til det er ein glatt og godt blanda masse. Du må sjå det litt an på det der med olje – det skal få ein fin og smørbar konsistens som sjokoladepålegg. Oppbevar det i kjøleskap.

 

2 tankar på “Heimelaga peanøtt- og sjokoladepålegg

Legg att svar til Nils Trygve Hauge Avbryt svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.