Vaflar er liksom verdas beste restemat. Har du litt egg du må få brukt? Lag vaflar. Har du ein skvett mjølk eller kulturmjølk? Lag vaflar. Manglar du litt kveitemjøl? Ha i litt grovare mjøl og lag vaflar likevel. Tenk at noko så enkelt kan vere så godt. Denne oppskrifta gir 15 plater fine, varme, gode vaflar. Byt gjerne ut litt av mjølet med noko grovare for noko sunnare.
Vaflar:
Du treng:
- 7,5 dl kveitemjøl
- 2 ms kokos
- 4 ms sukker
- 2 ts bakepulver
- 7,5 dl mjølk
- 4 eggeplommer
- 100 g smelta, avkjølt margarin
- 4 eggekviter, stivpiska
Slik gjer du:
Ha mjøl, sukker og bakepulver i ein bolle. Lag ei grop i mjølet, og ha i det meste av mjølka. Rør til røra er glatt, men ikkje jobb for mykje med ho, for då vert ho seig.
Ha i resten av mjølka, eggeplommene og margarinen. Bland til slutt i dei stivpiska eggekvitene.
La røra stå og svella i 15-20 minutt før du steiker.
Eg synst dei er best med mykje bær, litt kokos og sånt. Kjærasten vil helst ha på berre smør. Kvar sin smak:)