Det er så himla enkelt og greitt med kjøtbollar og brun saus. Og så er det på ein måte vel unt på ein fredagskveld. Syster mi lurte på om eg hadde ei oppskrift på kjøtkaker i brun saus, så dette er vel aller mest til ho – kjøtbollane kan sjølvsagt lagast til kjøtkaker.
Dette er nok kjøtbollar til fira, resten held til to. Du kan godt frysa ned resten av kjøtbollane viss du ikkje et alle, men då ville eg ikkje lagt dei i sausen fyrst. Elles er det jo himla godt med kjøtkaker på brødskiva til kveldsmat til dømes.
Kjøtbollar:
- 400 g kjøtdeig
- 2 brødskiver, tørre og laga om til smular til dømes i blender eller foodprosessor (dropp denne viss det skal vere utan gluten)
- 0,5 riven eller finhakka lauk
- 1 egg
- 1 dl kraft frå høne eller storfe
- 0,5 ts salt
- 0,5 ts pepar
- 0,25 riven muskatnøtt
- ei bitte lita klype malen nellik
Bland alt godt saman. La farsen kvile til du har laga sausen. Steik små kjøtbollar (eller kjøtkaker) i smør og litt olje til dei er fine og brune. Dei treng ikkje vere heilt gjennomsteikte. Ha dei over i sausen med ein gong og la dei trekka ferdig der.
Sausen:
- 2 ms smør
- 3 ms kveitemjøl
- 4 dl god kraft
- ein kvast rosmarin
- salt og peppar
- ein god klatt creme fraiche
Brun smør og mjøl på låg varme til det vert, vel, brunt. Du må røra heile tida. Ha i krafta i ein tynn stråle og rør godt. La det koka til mjølsmaken forsvinn. Til slutt har du i creme fraiche eller fløyte, og tek ut rosmarinen. Krydre. (Viss du har glutenallergikarar på besøk kan du gjerne laga ein saus av: 5 dl god kraft, rosmarin og bruka maizena til jamning. Ha framleis i litt creme fraiche, salt og peppar. Berre eit tips.)
Potetstappe:
- 5 poteter, skrella
- vatn nok til at det dekkjer potetene
- 2 ms smør
- 1,5 dl mjølk
- salt og peppar
Kok potetene utan salt i vatn. Hell av vatnet og mos potetene godt. Ha i smør, salt, peppar og mjølk. Rør til det vert luftig.
Ertepuré:
- 300 g frosne selskapserter
- 1,5 ms smør
- salt, peppar
Kok opp vatn i ein kjele og ha i ertene. La det koka i eitt minutt. Ha så av vatnet (ta vare på ein dl). Mos ertene, 0,5 dl vatn, smør og litt salt og peppar med ein stavmiksar.
Ha alt saman på tallerkenar, gjerne saman med tyttebærsyltetøy for dei som liker det.
Åh, så fint! Dette skal lagast:)
LikarLikar
blei det bra?
LikarLikar