Gjesteblogg
Elin er ikkje berre bestevenen min, ho er og kokk. Ho kjem frå ei av naboøyene våre på Sjernarøy. Til dagleg bur og jobbar ho i Stavanger. Noko av det fine med at bestevenen din er kokk, er at du alltid har hjelp innføre rekkevidde når du plutseleg må finna ei løysing på eit matrelatert problem. Tenk ribbetelefonen, berre på alle område og tilgjengeleg 24/7. Dette er eit gjesteinnlegg frå Elin. Det kjem heilt sikkert fleire av dei framover.
Elin si tomatsuppe:
- 20 godt modne tomatar
- 1 ½ kepalauk
- 3 fedd kvitlauk
- 2 gulrøter
- 1 bete ingefær
- 2 ss soppmjøl
- 4 laurbærblad
- 2 terningar kyllingbuljong
- 1 liten bunt graslauk
- 5 kvister persille
- worcheistersaus
- salt, pepar, muskat, sukker
Kutt lauk, kvitlauk, gulrøter, og ingefær halvgrovt. Del tomatane i båtar. Varm opp ein dæsj olje. Fres grønsakane i olja nokre minutt til lauken er mjuk. Ha i soppmjøl og la dette frese litt. Ha i tomatar, laurbærblad og buljongterning. La dette småkoka på svak varme i minst ein halv time. Det er ikkje nødvendig å ha i væske endå, tomatane slepp mykje væske under kokinga. Dersom du føler at suppa er for tjukk når den er ferdig kan du evt ha i meir væske.
Ha ein stavmiksar i gryta og kjør blandinga. (hugs å ta ut laurbærblada fyrst). Du vel sjølv kor lenge du vil kjøre suppa. Eg likar den litt ”chunkey”, men det er heilt i orden å kjøre til ei fin purésuppe.
Smak til med sukker, worchiester, salt, pepar og muskat. Vær litt forsiktig med worchiesteren. Det er betre å tilsetja i fleire omgangar enn å ha i ein god dæsj, og tenkje at det sikkert er nok. SMAK! Fleire gonger.
Server med sprøtt bacon, heimelaga pasta, nyriven parmesanost og heimelaga foccacia.