Kjærasten og eg har nok eit høgare forbruk av kvitlauk enn vanleg. Og ein av tinga me synst er både himla praktisk og himla godt er kvitlauksconfit. Kvitlauksfeidda kokar du på låg varme i olje som gjer at dei vert mjuke og nesten søte på smak. Fedda kan brukast i potetstappe, eller du kan smøra dei på ein pizzabotn eller bruschetta, og olja kan du bruka i salatdressing, til steiking eller til marinering av kjøt eller kylling eller fisk for den saks skuld. Eg synst dei er sjukt gode å bruka til å laga til dømes kvitlauksbrød. Det er så godt det! Eg lovar deg at både olja og kvitlauken forsvinn raskt! Og ikkje er det vanskeleg å laga heller.
Dette er ei lita oppskrift. Du kan meir enn gjerne laga mykje meir.
Kvitlauksconfit:
- 2 kvitlaukshovud – skrell alle fedda.
- Rapsolje (eller soyaolje hvis du ikkje har – ikkje bruk olivenolje, den har for mykje smak)
Ha kvitlauksfedda i ei lita gryte og hell på olje slik at du dekkjer fedda med om lag 1 cm. Set gryta på middels sterk varme og la det såvidt koka. Rør om av og til. Etter 45 minutt er dei kanskje klare – sjekk at dei er heilt, heilt mjuke, det er ikkje her du vil ha tyggemotstand! La det avkjøla seg i gryta, og hell over i eit glas med lokk og oppbevar det i kjøleskapet viss du ikkje skal bruka det med ein gong. Det held i om lag to veker.