Spinatsuppe

Det har vore ein himla lang dag. Kjærasten har exphil og hatar både emnet og arbeidsmengda som følgjer med, eg har innføring i psykologi og hatar fyrst og framst arbeidsmengda. Så då er det godt at ein i allefall kan unna seg noko godt til middag. Og så får ein hugsa på at eksamenstida ikkje varer evig.

Spinat er ikkje berre innmari godt, det er også noko av det sunnaste ein kan eta, og ei viktig kjelde til jern. Det beste eg veit er når maten eg liker og er bra for meg. Det er vel kva ein kan kalla ein vinn-vinn-situasjon.

 

Til denne spinatsuppa trenger du:

  • 2 kvitlauksfedd
  • 1 lauk
  • 3 vårlauk
  • 2 gulrøtter
  • en håndfull persille eller basilikum
  • ein pose frisk spinat
  • 1 terning grønnsaksbuljong
  • vann til det dekkjer
  • rosépepper
  • salt
  • sitron
  • litt fløyte eller creme fraische, viss du vil

 

Begynn med å finhakka grønsakene. Steik kvitlauk, lauk og vårlauk i ein slump olje til dei er gylne. Ha i gulrøttene og den skylte spinaten. Hell over vatn og ha i buljongen, og litt sitronsaft. Ein skvis held. La det koka til i alle fall gulrøttene er møyre.

Ha i nokre kuler rosépepper og køyr suppa jamn med stavmiksar. Bland i litt fløyte til slutt, og smak til med salt og peppar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.