Det er så himla snart eksamen. Eg har liksom ikkje heilt trua på at det kan gå bra. Når eg reiser mellom leiligheita vår og lesesalen på Blindern ser eg at folk har blitt litt brune. Det gjeld jammen ikkje meg. Eg bur visst inne, med briller med litt for svak styrke og pensum som er litt for tungt på så mange måtar. For eit liv.
Men sidan livet mitt ser ut til å gå rett vest har Elin nok ein gong skrive oppskrifter og teke bilete. Fine, gode Elin. Eg gler meg til du kjem til Oslo forresten!
Elins Dronningkaker
- 225 g margarin
- 225 g sukker
- 2 eggeplommer
- 225 g rosiner
- 225 g kveitemjøl
- 2 ts vaniljesukker
- 2 eggekviter
Rør margarin og sukker kvitt. Rør inn ei og ei eggeplomme om gongen. Tilsett rosiner, kveitemjøl og vaniljesukker, før du piskar eggekvitane stive og vender dei inn.
Sett deigen med ts på smurt plate. Ha god avstand mellom kakene, dei flyt litt ut. Ta dei av plata med ein gong dei kjem ut av omnen, elles set dei fast i plata. Det vert ca. 65 stykker. Steik på 175oC i 15 min.
You made my day!
Eg kan like at eg på ein måte er litt med på bloggen din 🙂
PS: eg gler meg òg til Oslo-tur!
LikarLikar
klart du er med! du er alltid med <3, vettu! 😉 det blir supert når du kjem. då skal me reisa til øyene og grilla og sånt.
LikarLikar
Eg kan nesten ikkje venta! 🙂
LikarLikar